Nettavisen Liernett ble utgitt av selskapet Liernett DA fra 1. januar 2003 til 31. desember 2012.

Liernetts rikholdige arkiv blir fra 2014 tilgjengeliggjort og driftet av Sylling Hardcode v/ Svend Asbjørn Sylling.

Redaktør:

Daglig leder:

Redaksjon og administrasjon:

Brit Bildøen på Tranby

Forfatteren, Brit Bildøen, var fredag på besøk hos niendeklassingene på Tranby. Kjersti Sofie Løvåsdal Halvorsen har som vanlig intervjuet forfatteren

Men før du leser intervjuet med forfatteren, les dette:  http://no.wikipedia.org/wiki/Brit_Bild%C3%B8en

Intervju med Brit Bildøen, 12 september
Kjersti Sofie Løvåsdal Halvorsen
-
- Ein måte å leva på

“Det var ei veldig spesiell oppleving, det trur eg nok er noko av det mest spesielle eg har opplevd,” fortel Brit Bildøen om si fyrste bok, “Bilde av menn”, som kom ut i 1991.
“Og vanlegvis får ein liksom koma på forlaget og sjå boka når ho kjem ut, men det som skjedde var at eg trudde boka skulle koma ut uka etter, men så gjekk eg inn i ein bokhandlar og der stod plutseleg boka mi, og det var fyrste gong eg hadde sett ho! Så det var veldig rart. Da fekk eg eit lite sjokk, og var litt sur på forlaget fordi dei ikkje hadde førebudd meg på at boka hadde kome,” seier ho og ler blidt. Tidlieare på dagen las ho frå den andre diktsamlinga si, “På visse tidar av døgnet”. Ho fortalte elevane at det finnes utruleg mange måtar å lesa dikt på. Det handlar berre om tolkning. Men dikt har ho alltid vore interessert i, og det er ikkje for ingen ting at den fyrste diktsamlinga av Gro Dahle er hennar beste leseropplevning.
“For meg så får eg sånne beste leseropplevningar nesten kvart einaste år! Så det er vanskeleg å svara på. Men om eg skal seia ei bok...” Ho tenkar seg om.
“Eg kan i allefall seia den fyrste diktsamlinga til Gro Dahle. Den var ei stor leseopplevning for meg, for eg følta at “her er det endeleg nokon som skriv sånn som eg tenkjer. Og det var veldig fint.”

Heilt frå barndommen av har Bildøen vore interessert i skriving:
“Eg fekk alltid Meget og S på alle stilar, så læreren min sa: “du kjem nok til å bli forfattar”. Men eg trudde jo ikkje noko på det sjøl, for eg kjente jo ikkje nokre forfattarar, eg trudde ikkje det var noko ein kunne bli, eigentleg.” Ho fortel vidare om korleis ho vart forfattar:
“Det var rett og slett noko eg bestemte meg for. Eg hadde skrive dikt og tekstar sidan eg var ganske lita, men eg hadde vel aldri trudd at eg skulle bli forfattar. Så eg utdanna meg som bibliotekar og tenkte eg skulle vera nøgd berre eg fekk jobbe med litteratur. Men så blei eg liksom ikkje heilt nøgd med å berre vera bibliotekar. Det kjente eg liksom meir og meir, at eg hadde lyst til å prøva å skriva meir.” Og som bibliotekar møtte ho fleire forfattarar som kom innom for å låna bøker. Ho slo ofte av ein prat.
“Da bestemte eg meg rett og slett berre for å prøva, Så det eg gjorde da var å søka på eit skrivekurs, ei skrivekunstutdanning. Også kom eg inn der, og i løpet av det året bestemte eg meg for at jeg skulle prøve å bli forfattar.” Og det var nettopp her ho møtte Gro Dahle. Sjølv seier Bildøen at skrivekursa har vore til god hjelp for henne som forfattar.
“Eg har hatt eigentleg to store førebilete, som også har vore mine lærarar i kurset som eg gjekk på. Det er Ragnar Hovland og Jon Fosse. Dei skriv jo heilt forskjelleg, men dei er førebilete for meg båe to.” Ho trur at det er ein viktig ting, det å læra seg å snakka om tekstar, og gi/få kritikk.

Og etter debutboka i 1991, kom “Eit anna eple” året etter, og seinare ei ny diktsamling (“På visse tidar av døgnet”). Tidleg på nittitalet skreiv ho mest dikt,
“ - men gjekk etter kvart meir og meir over til å skrive romanar. Korleis skjedde dette?”
“Eg hadde liksom lyst til å skrive noko litt lengre, noko litt meir sammenhengande, og eg hadde lyst til å prøve å skrive forteljingar. Eg tykkjer det å skriva ein roman er veldig spanande, fordi du held på med det så veldig lenge. Og da vert det nesten som ein måte å leva på.” Men sjangeren ho likar best, er nok kanskje barnebøker.
“Ja, eg tykkjer altså det er veldig morosamt å skriva barnebøker, særleg om du får ein illustratør med, for da vert det liksom noko større og litt annleis enn det du gjorde. Så det er kanhende det mest morosame av alt.” Også likar ho dikt. Da ho var festspeldiktar i dei nynorske festspela i Ørsta var det heilt spesielt.
“Det var veldig, veldig spanande. Og det mest spanande der, var at dei hadde fått ein ballettklasse til å dansa dikta mine. Det var veldig flott.” Ho fortel at ein gong hadde ein skule ho besøkte gjort det same.

I mange av tekstane har ho tatt med ein person som ikkje lesaren (og ofte ikkje ho sjøl heller) veit heilt kven er, eller om han er ekte. Til dømes i novella “Orkanen”, der ei jente får besøk av ein mystisk skapning under ein orkan, ein skapning som spør ho om ho trur på englar. Bildøen fortel at ho ikkje ein gong sjølv veit heilt kven han er, om han er orkanen sjøl eller ein engel, kanskje orkanens auge? Sjøl trur ho ikkje på skrømt.
“Det har i alle fall forandra seg fra å vera ganske surrealistisk og absurd til å ha vorte meir realistisk,” fortel ho om temaene i bøkene hennar har forandra seg opp gjennom forfattarskapen. Bildøen vert inspirert til novella “Orkanen” da det var ein orkan på øya der ho vaks opp.
“Eg har alltid bittelittegrann av meg sjøl i alle bøkene, men det er ingen som er heilt sjølbiografiske. Men det er alltid eit eller anna der, noko er oppleve eller noko eg har tenkt.” Vidare fortel ho om temaene ho likar å ta opp i bøkane sine.
“Eg likar å skriva og store spørsmål, som livet, havet, dauden og kjærleiken og sånt. Men det handlar veldig mykje om å leva saman, det handlar kanskje mykje om relasjonar mellom menneske.” Det er nok eit fellestrekk ved Bildøens tekstar at det er mykje mystikk, mange spørsmål som kanskje ikkje vert besvarte til slutt. Lykkelege sluttar er dei meist populære. Ho trur at det er grunnen til at “Alt som er” vert lest av så mange.
“Den viktigaste boka for meg i alle fall, har vore “Alt som er”, fordi ho skaffa meg mange fleire lesarar. Ho blei valgt ut som hovedbok i Bokklubben, dermed fekk eg brått 20 000 fleire lesarar enn eg har pleid å ha. Så sånn sett har han vore veldig viktig for meg.”

“Det var i alle fall ein ting eg tenkte kanskje kom til å bli lettare etter kvart, med dei fyrste bøkene så var jo det kjempeskummelt.” Bildøen fortel om korleis ho tykkjer det er å bli skreven om i avisene, og det å få kritikk.
“Kva kritikarane ville seia og sånn. Men når du har gitt ut ein del bøker så betyr det kanskje ikkje så mykje om du får ein dårleg kritikk eller to. Men eg er alltid like nervøs kvar gong det kjem ei ny bok. Eg tykkjer det er så skummelt med den fyrste kritikken, om han er god eller dårleg betyr veldig mykje.” Men kva om han er dårleg?
“Ja, eg har fått mykje dårleg kritikk. Men det siste året så har eg fått meir god enn dårleg kritikk, og da går det an. Men eg har fått kritikk som eigentleg har vora ganske vanskeleg. No er det mange forfattarar som ikkje les kritikk, og som helst ikkje vil ha det, og nokre som berre les den gode kritikken og ikkje den dårlege, men eg les begge delar for eg trur eg kan læra litt av den dårlege kritikken óg. ”Sjøl har Bildøen noko erfaring i å gi kritikk. Ho har nemlig vore forlagskonsulent.
“Eg trur i alle fall ein må lesa veldig mykje for å vera forfattar, å lesa og liksom snakka om og formulera seg om bøker ein har lest.” Ho fortel at andre forfattarar kan vera litt redde om det er ein forfattar som er konsulent.
“Ein som sendar manuset sitt til eit forlag veit jo aldri om han eller ho som er konsulent kjem til å plagiere, sjøl om det er ubevisst,” fortalde ho tidelegare på dagen. Ho leggar til at ho trur, og voner, ho aldri har tatt nokons idear og trudd dei var hennar.

“Eigenteleg så likar eg vel aller helst å jobba ein vanleg dag foran PC-en. Eg har eit kontor heime, der eg til vanleg sit frå tidleg om morgonen til eit stykke ut på dagen. Der sit eg og skriv.” Slik likar ho å arbeide.
“Det er óg ganske fint av og til å ta med seg den bærbare PC-en på tur, i eit anna land eller eit helt anna sted, og skrive. Av og til kan det vera ganske nyttig.” Reiser kan jo også gi inspirasjon eller idear å skriva om.
“Eg finn veldig mykje inspirasjon i filmar, og i historier eg høyrer fra folk. Og av å prata med folk berre. Sitja og lytte etter samtaler på bussen eller trikken.”

“Er det ei bok du ville endra på om du kunne gjort det?”
“Mange. Men det vil eg helst ikkje tenkj på, eg prøvar å la vera å tenkja på det, men når eg ser på dei gamle bøkene mine tenkjer eg i bland at eg ville gjort det heilt annleis no. Men å gå inn å endra på, det er heilt meningslaust, da tenkjer eg heller at eg kan skriva ei heilt ny bok.” Det Bildøen held på med no om dagen, er ei essaysamling.

“Eg driv og gjer ferdig ei essaysamling som kjem ut til våren. Essay som litteratur, og så har eg akkurat byrja på ein ny roman.” Den har ho foreløpig berre skreve 25 sider på. Men kva hadde hendt om ikkje Bildøen hadde bestemt seg den gongen, og meldt seg på det skrivekurset? Tidelegare på dagen fortalte ho at det var sånne ting ho likte å skrive om. Kva hadde hendt om - ?
“Det har eg ofte lurt på. Kan hende eg framleis hadde vore bibliotikar, eller kanskje eg hadde jobba i forlag eller bokhandel eller noko sånt. Så i alle fall noko med litteratur.” Og kanskje det kan vera byrjinga på ein heilt ny roman?

  • DSC_0002.jpg
  • DSC_0004.jpg
  • DSC_0006.jpg
  • DSC_0007.jpg
  • DSC_0010.jpg
  • DSC_0031.jpg
  • DSC_0033.jpg
Forrige artikkel:Fjerde strake NM-gullNeste artikkel:Lierskolen – Per er dårlig til å lese og det er ordfører’n som har ansvaret!

Flere artikler

© 2017 Sylling Hardcode

Nytt fra Sylling Hardcode nå: cpm.wiki