Nettavisen Liernett ble utgitt av selskapet Liernett DA fra 1. januar 2003 til 31. desember 2012.

Liernetts rikholdige arkiv blir fra 2014 tilgjengeliggjort og driftet av Sylling Hardcode v/ Svend Asbjørn Sylling.

Redaktør:

Daglig leder:

Redaksjon og administrasjon:

Jølberg frå Lier ein av dei få

Erik Jølberg valde langrennsski i turløypene ved Kikut i dag. – Klister iblanda lyng, mose og brisk sørgjer for brukbart feste, seier han til avisa Hallingdølen.

Avisa Hallingdølen har i dag treft ein ofsleg munter liung, den hjå oss i Lierbygda velkjende slangegründaren Erik Jølberg:

For nokre av påsketuristane var det likevel uaktuelt å setje frå seg skia før påska er over.

– Det er nokon som har sett feil på datoen, trur eg. Eg ser at det er folk her som ikkje har på seg ski. Dei må sjå på datoen – ikkje på føret, seier Erik Jølberg frå Lier.

Han nektar å la snømangelen gå ut over påskestemninga og skigleda.

– Eg smør med klister. I tillegg passar eg på å få godt med lyng, mose og brisk under skia. Med rusk og rask gjev klisteret brukbart feste, smiler han og løftar skia slik at me får sjå.

Heile artikkelen og eit fagert bilete av Erik Jølberg mellom lyng og mose kan du sjå på Hallingdølen si nettside.

Forrige artikkel:Skjærtorsdag i Gullaug kirkeNeste artikkel:Hypokonderlegen til Lier

Flere artikler

© 2017 Sylling Hardcode

Nytt fra Sylling Hardcode nå: cpm.wiki